Tar kostnadsgrep i Bypakke Nord-Jæren

Stine Haave Åsland (t.h), Tone Oppedal og Gottfried Heinzerling (t.v) møtte pressa i forkant av styringsgruppemøte torsdag 08. mars.

Ny rekning på kostnader viser at viss vi ikkje tar grep, blir Bypakke Nord-Jæren 4,7 milliarder dyrare enn planlagt. 

- Bypakken har ei ramme på 32,1 milliarder kroner. Summerer vi kostnadstala vi har kome fram til i dag, blir resultatet vesentleg høgare enn det, seier sekretariatsleiar for Bypakken, Stine Haave Åsland. Ho understreker likevel at det er mogleg å få til.

Bussveien auker 2,8 milliarder i kostnader og ny prislapp er satt til 14,1 milliarder kroner hvis det ikkje foretas nokon grep. 

Fire prosjekt blir dyrare

Etter kostnadsgjennomgangen har fire prosjekt blitt dyrare: Bussveien, E39 Hove-Ålgård, Tverrforbindelsen, og Krysstiltak E39/rv. 44 Stangeland.

- Årsaka til at dei blir dyrare er i hovudsak at planlegginga har kome lenger, slik at vi har sikrare kostnadstal. Viss det er noko vi bør vere audmjuke om, så er det nok at vi burde signalisert endå tydelegare kor stor usikkerheita var då Bypakken starta opp, seier fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen, Tone Oppedal. Ho er spent på signala frå styringsgruppa på torsdag.

- Då får vi ein peikepinn på kor politikarane meiner vi må sjå for å kutte kostnader.

Etter siste gjennomgang har fleire prosjekt også lågare pris: Transportkorridor vest, ein tredel av bussvei-strekningane og bomstasjonane.

Orientering til pressa

Årsaka til gjennomgangen akkurat nå er at Styringsgruppa for Bypakke Nord-Jæren har ønska ei slik oversikt til styringsgruppemøtet, 8. mars. Tysdag blei sakspapira sendt til ordførarane i dei fire kommunane som er med i pakken, og same dag orienterte sekretariatet journalistar om kostnadene. Sekretariatsleiaren hadde med seg fungerande regionvegsjef i Statens vegvesen, Tone Oppedal og samferdslesjef i Rogaland fylkeskommune, Gottfried Heinzerling. Dei to orienterte om prosjekta i pakken som dei har ansvar for.

- Bussveien er eit komplisert prosjekt som aldri har vore planlagt og bygt i Norge før. For oss er det viktig å vise politikarane at dei har eit handlingsrom. Vi kan gjere endringar slik at vi framleis får til ein god bussvei på dei strekningane den er planlagt, seier samferdslesjef Heinzerling.

Det er Statens vegvesen som planlegg og skal bygge dei prosjekta som ligg i pakken, og det er Rogaland fylkeskommune som er eigar av prosjektet Bussveien.

Får det til

- Mange er naturleg nok opptatt av kostnadene i Bypakken, og redde for at dei nå må betale meir bompengar. For oss er det viktig å få fram at vi ikkje har starta bygging for pengane som ligg i Bypakken. At styringsgruppa har bedt om ein kostnadsoversikt er slik det skal fungere: vi ser at vi ligg over ramma, og nå må vi sjå på korleis vi kan kutte kostnader, slik at vi held oss innan ramma som er gitt. Vi har sterk tru på at vi skal få til nettopp det, forklarar Åsland.

Del dette innholdet på: